Åndelig omsorg en vigtig udfordring i sundhedsvæsenet


Skrevet af Tove Giske, den 29. august 2017

Illustration
Denne artikel blev bragt under overskriften "Diskré og frimodig" i den norske avis Vår Land august 2017. Den er skrevet på nynorsk.

Åndeleg omsorg
Tove Giske
Sjukepleiar og professor VID vitenskapelige høgskole, Fakultet for helsefag,Bergen

 

Åndelig omsorg ei viktig utfordring i helsevesenet

«Nårdu blir sjuk er det ikkje berre eit organ som blir ramma, det er heile dinperson, og av og til kan tankane vere tyngre enn eit symptom.»

Dette er ein bit av ei forteljing frå ein pasient i eit intervju, ogdet viser til kjerna i åndeleg omsorg. Denne pasienten uttrykker at det å blisjuk gjer at ein opplever seg sjølv og livet på ein annan måte enn når ein harhelse og dagane er fylte av kvardagslege gjeremål. Det er viktig forhelsepersonell å forstå at for mange av pasientane vi møter så kjemlivsspørsmål som «kvifor skjer dette meg?», «er dette straff for noko eg hargjort?», «korleis vil livet mitt bli», «kven er glad i meg når eg endrar meg/ikkje klarer alt det eg har klart før?»  tydelegare fram enn før. For nokre pasientarer dette nye spørsmål i livet, for andre er dei velkjende, men kjem med aukasmerte og intensitet.

Er det helsepersonell sitt ansvar og oppgåve å forhalde seg til slikespørsmål hos pasientane vi arbeider med? For sjukepleietenesta er svaret eit klart JA. Yrkesetiskeretningslinjer, rammeplan for sjukepleiarutdanninga, Helsedirektoratet sitthandlingsprogram for palliasjon og kreftomsorg og veiledningsheftet forsamhandling mellom helse- og omsorgstjenesten i kommunen, utgitt av Helsedirektoratet og i samarbeid medSamarbeidsrådet for tros- og livssynsamfunn og Kirkerådet,  alle understrekar at sjukepleiepraksis byggerpå eit menneskesyn der også åndeleg og eksistensielle forhold er ein del avsjukepleien sitt ansvarsområde.

Forsking utført over mange år av undertegnede og min kollega professorPamela Cone, Azusa Pacific University, CA, viser at det som sjukepleiarar ogstudentar kjenner igjen som åndeleg/eksistensielt i helsetenesta kan verevanskeleg å gripe. Likevel er det synleg fordi det handlar om det som er viktigi livet for den enkelte, det som motiverar, gir meining, mål og håp og dermedstyrke til å halde ut. Nokre gongar strevar menneske med å finne ut av dette ogangst og bitterheit er det som pregar personen. Det åndeleg handlar også omrelasjonar til både menneske og Gud (forstått ulikt av ulike menneske) og det åhøyre til.

Forskinga vår frå Norge samsvararmed internasjonal forsking som viser at åndeleg omsorg lindrar liding, aukaropplevinga av velvære, hjelper pasientar til å mestre livssituasjonen sin og atdet kan bidra til kjensle av fred og indre styrke

Så kva kan dette bety for helsetenesta på sjukehus, i rehabilitering, iheimesjukepleien og på sjukeheim? Først og fremst at helsepersonell er opne forat åndelege og eksistensielle forhold kan vere viktig for pasientar. Vidare vedå førebu seg ved å tenke igjennom korleis ein kan spørje pasientar på ein måtesom kan opne opp for dei utan å vere påtrengane. Nokre gjer dette rutinemessigved første kontakt, andre ser det litt meir an. Den dyktige sjukepleiaren eroppteken av å stille det rette spørsmålet på rett måte og til rett tid. Eksempelpå spørsmål kan vere: «Er det noko i forhold til trua /livssynet ditt det erviktig at vi er klar over mens du er her?» Opne spørsmål gir rom for pasientar tilå svare slik dei ønsker. Eksempel på spørsmål som sjukepleiarar i våre studiarhar gitt oss er: «Kva tenker du på?», «har du ei tru som hjelper deg/er viktigfor deg?», «Er det nokon du ønsker å snakke med?» og ikkje minst spørsmålet ompasienten ønsker å snakke med prest. Mange ganger vert presten introdusert somein person som ein ikkje treng å vere kristen for å snakke med. Presten har tidog er flink til å snakke med folk flest. Desse funna er eit uttrykk for at detmange plasser er eit godt samarbeid mellom sjukepleie- og prestetenesta både påsjukehus og ute i kommunane.

Forskinga vår (Giske & Cone) viser at sjukepleiarane oftastetablerer eit tillitsforhold til pasienten før samtalen kjem inn pååndelege/eksistensielle forhold. Dette fordi sjukepleiarar har erfart atåndeleg tema er svært personlege og til dels tabubelagte for norske pasientar. Sjukepleiararfortel at dei er meir direkte om trusspørsmål med pasientar frå andre land. Forå kunne hjelpe på best muleg måte er sjukepleiarane vare for den enkeltepasient sin situasjon. Dei vurderer kva ting pasienten har rundt seg som bilde,bøker, smykke for å forstå kven dette mennesket er. I samtalen lyttar dei etterkva pasienten er oppteken av; kva tankar og følelsar pasienten har. Einsjukepleiar sa: «Eg har lært og å lytte etter dei små teikna og det som eruutalt.»  Dei prøver også å forstå kvalivssyn og tru pasienten har, nettopp fordi dei veit at det er i forhold tillivssynet sitt at pasienten tolker og arbeider med livsspørsmåla sine.

For at pasientar skal kunne leve best muleg er det viktig at åndelegomsorg er ein integret del av helsetenesta og at dei pasientane som treng detfår hjelp også på dette området. Å dyktiggjere helsepersonell til dette er eitansvar for oss som utdannar helsepersonell. Det er også eit ansvar for denenkelet helsearbeidar og for leiarane i helsetenesta. Når var åndeleg omsorgtema sist på internundervisning eller personalmøte?





Artikler
Her findes forskellige aktuelle artikler omhandlende åndelig omsorg.

Har du en artikel du gerne vil henvise til via link eller lignende, kontakt da sidens administrator. Det er også muligt at skrive et længere indlæg omkring temaet, som kan offentliggøres her på hjemmesiden. Indlægget aftales med redaktionsgruppen, der sørger for redigering samt layout.

Se under Links for henvisninger til yderligere artikler. Og klik på "Hent litteraturliste her" for at hente en liste over artikler og bogtitler om åndelig omsorg.

Når du søger de artikler, der senest er lagt ind på hjemmesiden, så vær opmærksom på, at de nyeste artikler først findes efter artiklen "Ritualer i dødens nærhed".
Kreativweb.dk - logo